No nærmar det seg slutten. del 2
- jakopstavset
- May 27, 2017
- 4 min read
Hei igjen! Her kjem enno litt meir om det som har skjedd den siste tida.
Første veka i mai fekk eg besøk. Først kom Débora, kjærasten min, frå England, også kom mor, far og bror min frå Noreg. Dette var fyrste gongen Débora møtte familien min, så vi var begge veldig spente. Og ettersom ho ikkje snakkar noko norsk, og foreldra mine ikkje er særleg stødige i engelsk, vart dei heile ei utfordring. For meg blei det mykje språk på ein gong, der det var norsk med min familie, engelsk med Débora og fransk med alle andre. Det var fleire ord som gjekk litt i surr når alt måtte oversettes. Men, det virka iallefall på meg som at alle hadde ei triveleg stund.

Bilete: Nokre i familien Stavset i Paris.
Først drog vi ein dag til Paris, der vi fekk sett mellom anna Notre Dame og Eiffeltårnet. Ein dag i Paris er ikkje nok til å gå rundt til alt byen har å vise, men etter ein dag med mykje gåing, var det godt nok å kunne sette seg på toget tilbake til Lyon igjen.
Dei neste dagane vart brukt i Lyon. Både kyrkjer, romerske teater, museum, parkar og restaurantar vart besøkte. Lyon er ein veldig fin by, med mykje kjekt å sjå og med ein over 2000 år lang og interessant historie. Den romerske byen Lugdunum vart grunnlagt i år 43 f.kr., og byen har vore arena både i kyrkjehistoria, revolusjonen og verdskrigane sidan den gongen.
På toppen av Fourvièreåsen i Lyon er den eldste bydelen. Her finnes ruinane etter to romerske teater med nokre hus rundt. Det største teateret er bygd rundt år 15 f.kr, og hadde plass til omtrent 10 000 menneske. På kanten, med utsikt over byen er også den store Basilique Notre Dame de la Fourvière bygd, ei kyrkje som verkeleg viser rikdom.

Bilete: Det gamle romerske teateret.
Lyon har også ein av dei største byparkane i Frankrike, Parc de la Tête d´or. (Parken av det gyldne hodet) Ein svær park nord i Lyon der du kan finne både ein stor innsjø, dyrepark, botanisk hage og romslege grassletter midt i ein elles tettbygd by.

Bilete: Dyreparken i Lyon har dyr frå heile verda, og gratis inngang.
Lyon er også ein by med mykje fin arkitektur, så om du er turist her, er det kjekt å sjå på alle dei fine bygningane. Mellom anna Hôtel de ville, Grand Hôtel Dieu og Musée des beaux art. Også Musée des confluence er eit moderne bidrag på tuppen av halvøya, ein stor glasskonstruksjon som nesten ser ut som ei sky.
Interessant fakta; brødrene Auguste og Louis Lumière, som er mest kjend for og ha oppfunne filmen, er frå Lyon, og museet om dei er bygd i den gamle villaen deira, like ved fabrikken der den aller første filmen vart spelt inn. ("Arbeidarane forlater fabrikken")
Noko du også kan finne om du går rundt i Lyon, er fleire store malerier på enkelte veggar. Nokre av desse er mala som synsbedrag i 3D, der du nesten må gå heilt innpå før du ser at det heile er ein flat vegg.

Bilete: To brør prøver på litt komedie ved eit veggmaleri.
Den siste dagen familien min var her reiste vi til Musée des confluence, den skya tidlegare nemnt. Her har dei utstillingar om alt frå jordas skaping, dyras utvikling og teknologi. Ei imponerande samling av fossil, teknologiske duppedittar og dyr.
Evangeliet har reist jorda rundt.
Historia om Jesus har reist over heile verda, til alle verdsdelar og til mange forskjellige menneske, og den 14. mai hadde vi ei gudsteneste om korleis Evangeliet har kome til ulike personar. Her fekk kyrkjelyden høyre fire vitnesbyrd om korleis frelseshistoria har kome til dei, ein ung mann frå Syria, to eldre damer frå Tyskland og meg frå Noreg. Det var veldig interessant å høyre om korleis dei ulike landa har fått høyre om Jesus. For oss i Noreg og Europa er det vanlegvis ikkje noko svære utfordringar, men vi må huske å be for alle kristne rundt om i verda som blir forfulgt. For nokre dagar sidan var det fleire Koptiske kristne som blei drept, husk å be for våre brødre og søstre i verda.
Eropeisk 17. mai.
Meg og Maria hadde tenkt lenge på å ta oss en tur til Genève i Sveits, og etter litt leiting fant Maria ut at Sjømanskirka der borte arrangerte 17. mai feiring. Vi bestemte oss for få med oss ei morosam og annleis feiring av nasjonaldagen vår. Vi reiste opp tidleg om morgonen og fekk nokre timar til å gå rundt i Genève, ein nydeleg by.

Bilete: Jet d´eau i Genève. Stor vasskanon midt i elva.
Mellom anna har dei laga ei stor fontene midt i elva, som skyter vatn fleire meter opp i lufta. Litt seinare på dagen tok vi eit tog til ein plass litt utanfor byen der feiringa skulle vere. Der var vi samla omlag 300 personar som alle var festkledd med dress og bunad for å feire Noreg. Pølse, is, tog, flagg, tale og gudsteneste, alt ei ordentleg 17. mai feiring skal vere.

Bilete: 17. maitog rundt i hagen ved Genève.
Lang fottur.
I helga var eg på tur med speidarane igjen, denne gongen tok vi tog ut til Annecy, ein liten by eit par timar utanfor Lyon. Her tok vi sekkane på ryggen og byrja å gå opp mot skogen. Det var ein del gåing på asfalt, så fekk ei føling av å vere byspeidar, men det var ein fin tur likevell. Vi gjekk opp til skogen der vi også møtte ei lokal speidergruppe som hadde laga mat til oss. Vi satte opp telta våre og gjekk ganske fort til sengs etter middagen. Fekk ei fin natt ute før vi gjekk tilbake dagen etter.

Bilete: Godt med matpause etter nokre timar gåing.
No nærmar det seg sanneleg slutten veldig fort. I midten av juni setter eg nasen i retning nord og kjem heim til Noreg igjen etter ein liten etappe til England først. Eg kjenner at eg er klar for å kome meg heim, eg saknar Noreg og alle venene mine der heime.
Til neste gong:-)
Au revoir !
Jakop
Comments