top of page
  • Google+ Social Icon
  • Twitter Social Icon
  • LinkedIn Social Icon
  • Facebook Social Icon

Den første veka er passert:-)

  • jakopstavset
  • Sep 12, 2016
  • 2 min read

No har eg altså vore her i Lyon i ei veke allereie. I løpet av denne tida har det vore veldig mange inntrykk og nye ting å lære seg.

Noko av det første eg merka her sør, er at det er ein del varmare enn heime i Noreg. No nærmar vi oss midten av september, men gradestokken viser framleis opp mot 30 grader kvar einaste dag. For ein stakkars trønder som liker det norske klimaet, er dette ei ganske så stor omvelting. Den lille hybelen min er i 5. etasje, og fungerer like godt som drivhus som bustad.

Kyrkja eg bur i

Bilete: Fasaden på kyrkja eg bur i.

Eg har vore på ein del planleggingsmøter om forskjellige ting som skal skje dette året, og fått litt meir kontroll på kva eg skal gjere. For det meste skal eg vere med å hjelpe til med born og ungdom i dei ulike gruppene dei har her i kyrkjelyden. Desse møtene har alle gått føre seg på fransk sjølvsagt, så eg har ikkje skjønt så mykje av det som har blitt sagt. Franskmenn er stort sett ganske dårlege i engelsk, så kommunikasjonen har vore den største utfordringa her nede, men no byrjar eg på språkkurs på torsdag, så håper det går betre etterkvart.

Personane eg har møtt har vore veldig trivelege og hjelpsomme. Mellom anna har eg vore på middag hjå pastoren min, og lunsj saman med Maria, hjå eit triveleg, gammelt ektepar. Eg har også vore på mi første franske gudsteneste, dei er nokså like som i Noreg bortsett frå at alt er på fransk sjølvsagt. Pastoren spurte meg om å synge under gudstenesta, men eg kan ingen franske songar. Så då blei det "Nærmere deg min Gud", eit vers på norsk og eit på engelsk.

Det kan fort bli litt einsomt her i ein stor by, spessielt for ein som vaks opp langt ute på den norske landsbygda, alt er digert og uvant. Men, eg og Maria har klart å bruke litt tid som turistar for å prøve å bli litt kjend med byen. Lyon er ein nydeleg by, med mykje historie og arkitektur. I tillegg er kyrkja der eg bur rett ved elva, så eg har elvepromenaden bokstaveleg tala like utanfor døyra mi.

Det var eit lite samandrag av den første veka. Ellers går det veldig bra her, bortsett frå den intense varmen og utfordringane med språket. Eg gler meg til dei neste vekene som kjem.

Au revoir !


 
 
 

Comments


RECENT POST
bottom of page