top of page
  • Google+ Social Icon
  • Twitter Social Icon
  • LinkedIn Social Icon
  • Facebook Social Icon

No har det gått to månader:-)

  • jakopstavset
  • Nov 10, 2016
  • 4 min read

Hei alle saman der oppe i nord, håper alt står bra til. Eg høyrer at gradestokken har gått ned og at det har kome litt snø. Dykk må prøve å ha det kjekt utan meg denne vinteren:-)

Eg beklager at eg ikkje har skreve på ei stund, men det har skjedd litt forskjellige sidan sist.

Helg med speiderane.

15-16 oktober var det første overnattingstur med speidergruppa. Vi reiste til ein plass like utanfor Lyon, der vi låg i telt på ei stor open grasslette og gjorde ein del forskjellige aktivitetar. Mellom anna dreiv vi med ein fransk versjon av rugby, der eg forstå at den einaste regelen var; "Ikkje drep nokon!" Ein aktivitet som var litt for brutal for min smak. (Speiderane er veldig glade i brutal kontaktsport) Laga også middag på open ild, noko som resulterte i ei brent lue for min del, men maten var god.

Eg slit framleis ein del med språket, så for det meste var eg med og observerte og prøvde å vere med der eg kunne. Men, det blei i alle fall eit døgn ute i telt, noko som alltid er kjekt for ein speider.

Bilete: Setter opp telt. Det var fint vær heile helga.

Turistar i Pérouges.

Saman med nokre vener frå språkkurset, reiste eg og Maria til ein liten middelalder-landsby 30km nordøst for Lyon som heiter Pérouges. Dette er ein søt, liten by som står som eit minnesmerke frå den tida.

Bilete: På torget i gamle Pérouges.

Det var utanfor turistsesongen så det var ikkje så mykje folk der, så vi hadde ein triveleg dag med god mat og trivelege menneske. Vi fekk prøvd litt lokal mat og nokre fantastiske crépes (pannekakeliknande søtmat) med karamell, hjå ei triveleg dame som dreiv ein liten kafé like utanfor byen.

Misjonærmøte i Séte.

For eit par veker sidan var eg og Maria på eit møte for alle NMS sine misjonærar i Europa i byen Séte heilt sør i Frankrike. Her fekk vi møte norske misjonærar, samt nokre frå andre land som jobbar for NMS i Frankrike. Eg og Maria hadde som oppgåve og passe på ungane medan foreldra hadde slike kjedelige "vaksne ting" å gjere.

Det var veldig trivelege ungar som vi Bilete: Måtte også bruke litt tid på fransklekse.

hadde det utruleg morosamt saman med. Det var også veldig kjekt å møte nokre andre som snakka norsk;-)

Hit til Séte skulle eg også få gitaren min ned, men etter litt trøbbel på flyet kom den ikkje fram. Den har nå vore på ein fin reise rundt omkring før den no har endt opp i Paris. Eg har ikkje sett den enno, men får den forhåpentligvis ned hit snart. Den har vist fått eit par skadar i løpet av turen, så eg håpar eg kan finne ein god gitarmaker som kan hjelpe meg.

Caraimant KIFF.

Etter turen til Séte var vi på ein leir for ungdommar i regionen. Vi tok ein buss langt opp i fjellet til ein plass som heiter Notre Dame de La Salette. Ein utruleg vakker stad, med fantastisk utsikt. Ungdommane hadde fine dagar her oppe, med bønn og lovsong, leik og konkurransar. Kvar morgon gjekk vi opp på ein liten topp like ved der vi hadde bøn og lovsong rundt eit stort kors, med soloppgongen med fjella. Verkeleg ein fin start på dagen.

Bilete: Verkeleg nydeleg utsikt oppe i fjella. På midten er Notre Dame de La Salette.

Soirée des talents

Forrige helg var det noko dei kalte Soirée des talents. Det var ein kveld for ungar og ungdommar i kyrkjene i Lyon, der dei møttes for å ha det gøy. Vi hadde litt leik og bibelundervisning, før vi gjekk i gruppar for å lage noko "talentfullt" for å vise seinare på kvelden. Eg var med i ei gruppe med musikk, der vi valde ein song som vi spelte for resten. Litt kort tid å lære det skikkeleg, men eg trur ungane hadde ei god stund. Kvelden blei avslutta med eit "show", der alle viste kva dei hadde gjort. Det var alt frå sokkedukker, musikk og teater.

Elles går dagane godt her i Lyon. Framleis er språket ein stor utfordring, så vi går på språkkurs enno. Anna enn det er eg med på det som skjer med ungdoms- og bornegrupper i kyrkja pluss alphakurset som framleis held fram. Har også vore på eit par middagsselskap hjå veldig trivelege menneske frå både kyrkja mi og Maria si. På eit av desse selskapa fekk eg vist Kristin Lavransdatter på fransk, noko som var veldig morosamt. Det var ikkje mykje, men det var i alle fall noko kjent og norskt her nede.

Bilete: På middagsselskap hjå nokre frå kirka mi. God mat og litt norsk litteratur.

Det har også byrja å bli kaldare og tydeleg at det går mot vinter. Har med det merka at hybelen min ikkje er så veldig godt isolert, så det som i september var eit drivhus, er no vorte eit kjølerom. Men frå Noreg er eg vand med kaldt klima, så det går betre enn med dei lokale som stadig klagar over låge temperaturar.

Håpar det ikkje blir like lenge til neste gong eg skriv, og det er alltid kjekt å høyre at folk er innom å les. Godt å vite at dykk der heime tenkjer på meg.

Til neste gong! Au revoir !


 
 
 

Comments


RECENT POST
bottom of page