
Stavset på tur
Året mitt i Frankrike
Kva er Ucrew?
Ucrew er eitåringstenesta i Det Norske Misjonsselskap (NMS). Gjennom dette programmet sender dei ungdom ut til Frankrike, Estland og England for å jobbe i kyrkjer. Talet på kristne i Europa er på veg ned, så dette ungdomsarbeidet NMS driv er veldig viktig for kyrkjebygginga. Dette gjer at ungdommar kan bli med på noko lærerikt, der dei får nye erfaringar og kan vere med på noko større enn seg sjølv. I år er det ungdommar frå Noreg, Brazil og Laos som skal jobbe på ulike prosjekt som NMS driv med kyrkjer i Europa. Gjennom denne bloggen, vil dykk få eit lite innblikk i arbeidet i Frankrike.
​
Om du vil vite meir om Ucrew, kan du lese her.
​
På NMS og NMSU sine nettsider kan dykk også finna meir informasjon om andre spennande prosjekter i Europa og resten av verda.

Bilete: Kristian Mjølsneset