No nærmar det seg slutten
- jakopstavset
- May 18, 2017
- 3 min read
Hei igjen alle saman!
No nærmar det seg slutten på året mitt her i Lyon, om litt over ein månad er eg på veg tilbake til gode gamle Noreg igjen. Det har skjedd forskjellige ting sidan sist eg skreiv på denne bloggen, så her får det bli eit lite samandrag av noko av det som har skjedd.

Bilete: Kykja pynta for Påskefeiring.
I forbindelse med påska var det forskjellig opplegg i kyrkja mi her i Lyon. Veka mellom Palmesøndag og Påskehelga, hadde vi bønemøtar kvar kveld på forskjellige stadar og i forskjellige kyrkjer rundt om i byen. Eg var ikkje med på alle, men fekk vore med på nattverdsgudsteneste på Skjærtorsdag, der eg også spelte gitar og song.
Når sjølve påskehelga kom, var det veldig mykje jobb på kort tid. Det byrja med gudsteneste på Langfredag, på ein sjukeheim der eg spelte gitar. På påskeaften var det eit ektepar frå USA som hadde konsert i kyrkja. Dei kallar seg L´Exo, og spelte ein konsert kalla The Way. Dei har skreve fleire songar som fortel forskjellige deler av vegen Jesus gjekk for oss. Eg var med å hjalp til med både lyd og bilete, og hadde ein av dei beste konsertopplevingane eg har hatt. Dette vart ein lang dag og eg var ikkje heime før rundt klokka 1 om natta.
Eg fekk nokre timar med søvn, før eg måtte opp på Påskedag for å hjelpe til med ei økumenisk samling ved elva klokka 7 om morgonen. Dette var ei utruleg fin stund, sjøl om eg var ganske trøyt og sliten frå kvelden før. Nede ved elva framfor kyrkja mi møttes katolske, protestantiske, lutherske, ortodokse og evangeliske kyrkjer til ei stund med lovprisning av oppstoda av vår Herre. Forsamlinga var både økumenisk og internasjonal, med folk frå Frankrike, England, Hellas og mange fleire. Alle som ville fekk kome fram på podiet å seie "Han er oppstått, han er i sanning oppstått" på sitt eige språk.

Bilete: Økumenisk samling ved elva framføre kyrkja.
Etter dette fekk eg litt tid til å kvile før det på nytt var tid for vår eigen påskedagsfeiring i kyrkje klokka halv elleve. Det som slo meg var kor mange som kom til gudtenesta. Heime frå Frosta er eg vant med at kyrkjelyden er ganske liten på slike helligdagar, men har var veldig mange, både små og store samla kring grava som no er tom.
Vekene etter påske hadde Lyon skuleferie, så då var det ikkje så veldig mykje som skjedde for min del. Dermed kunne eg og Maria ta oss ein liten tur ned til Montpellier, ein by i Sør-Frankrike. Her besøkte vi eit norskt misjonærpar frå NMS, Sandra og Erik, som tidlegare har jobba i Kamerun. Dei bur no med familien i Frankrike medan Erik pendlar til Kamerun for å jobbe. Det var ei veldig triveleg helg, der vi fekk sett litt meir av landet vi bur i, mellom anna ein middelalderby med store bymurar og stranda. Vatnet var enno litt i kaldaste laget for ein behageleg dukkert, men beina fikk i alle fall vassa litt.

Bilete: Utsikta over byen frå bymuren i middelalderbyen Aigues-Mortes.

Bilete: Framføre katedralen i Montpellier.
Helga etterpå var vi på familiehelg med fleire kyrkjelydar i regionen. Det var omtrent 50 deltakarar, i alle aldrar. Meg og Maria, saman med eit ungt par, hadde ansvaret for dei minste ungane på dagtid, samt ungdommane på kvelden. Ei veldig triveleg helg. Det var ei familie helg, så eg sakna nok min eigen familie litt ekstra denne helga, men dei var veldig trivelege alle saman, alle var ein stor familie i Kristus. For å bli kjent med alle på leiren, teikna kvar familie ei dør inn til deira rom i Guds store hus, som dei presenterte. Ettersom eg og Maria ikkje hadde noko familie der, vart vi med i ein "familie" vi kalla "Blond". Her var det unge paret vi hadde bornepass med, mora hennar, ein einsleg pastor pluss meg og Maria:-)

Bilete: Veggen med alle dørane. Kanskje du finn den som høyrer til familien "Blond"?
Det har skjedd ein fleire ting den siste tida, så følg med så kjem fortsettinga om ei lita stund;-)
Til neste gong!
À bientot !
Jakop
Comments