top of page
  • Google+ Social Icon
  • Twitter Social Icon
  • LinkedIn Social Icon
  • Facebook Social Icon

Bonjour mes amis !

  • jakopstavset
  • Sep 6, 2016
  • 1 min read

I skrivande stund sitt eg på den lille hybelen eg har fått her i Lyon i Frankrike. Etter nesten to veker på Hald Internasjonale senter i Mandal, skal eg no vere 10 månader her i Lyon. Eg veit ikkje så mykje om kva eg skal gjere enno, men eg skal nok jobbe ein del med born og ungdom. Spenninga var ikkje i taket før eg reiste, men som eg hadde tenkt på førehand, steig han jamt i takt med flyet sørover.

Dei siste dagane har eg vore her på Hald på kurs, og for å bli kjend med resten av dei som reiser på Ucrew i Europa. NMS sender ungdom frå Noreg, Brasil og Laos, til England, Estland og Frankrike. Saman med meg til Lyon reiser Maria frå Oslo. Vi skal ikkje jobbe i same kyrkje, men uansett er det godt å vite at det i alle fall er ei anna som snakkar norsk i denne store byen. Alle er veldig spente på kva dei vil få oppleve i dei forskjellige landa.

Meg og Maria, som skal vere i Lyon. Bilete: Kristian Mjølsneset

Eg vil prøve å oppdatere denne bloggen jamnleg medan eg er i Frankrike, men om de ynskjer å få høyre meir, eller berre vil snakke litt, er dykk alltid velkommen til å kontakte meg på andre måtar.

Au revoir !


 
 
 

Comments


RECENT POST
bottom of page