Språkkurs, speider, Alphakurs og litt meir.
- jakopstavset
- Oct 2, 2016
- 4 min read

Bilete: Utsikt over Lyon.
Hei. No er det ei lita stund sidan sist eg skreiv her, beklager det. Eg har budd i Frankrike i omlag ein månad no, og her er ei lita oppdatering på kva som har skjedd den fyrste tida.
Eg har starta på språkkurs.
Fransk er eit veldig vanskeleg språk, og sjølv om eg hadde fransk på skulen er det ekstremt vanskeleg å forstå kva som blir sagt. Derfor går eg no på språkkurs for å lære meir. Det går sakte men sikkert framover, og eg merkar allereie stor forbedring etter eg kom hit. Eg slit fortsatt veldig når franskmenn snakkar med kvarandre, men eg klarar til ein viss grad å føre ein samtale på franskengelsk om dei snakkar sakte og roleg.
Planen min for jobben endrar seg frå veke til veke, det er sjelden at det same skjer fleire gonger. Det mest faste er språkkurset kvar ettermiddag, fem dagar i veka, og bønnemøte kvar torsdags morgon.
Alphakurs.
Gjennom eit økumenisk samarbeid mellom den katolske kyrkja, den anglikanske kyrkja og den protestantiske kyrkja her i Lyon, har vi starta eit alphakurs for studentar og andre interesserte. Møtene er kvar mandagskveld på det katolske universitet. Eg samarbeidar mest med Ben, pastoren i den anglikanske kyrkja, der vi legger til rette for at dei internasjonale studentane kan få eit opplegg på engelsk og ikkje berre på fransk.
Søndagsskule og ungdomsgruppe.
Søndagsskule her er litt annleis enn heime. Gruppe med ungar møtast ein gong i månaden, men ikkje berre under gudstenesta som i Noreg. her er det ein heil dag, møter når gudtenesta startar halv elleve og holder på til klokka fire. Det er ein gjeng med 20 ungar der eg er med, i alderen 11-13 år.
Ungdomsgruppa møtes ein lørdags ettermiddag i månaden. Ein gjeng med omlag 10-15 unge som møtest og pratar og har litt mat saman. Det er ein veldig triveleg gjeng, men alle snakkar berre fransk, så det er litt vanskeleg å følgje det. Eg minnes det første møtet, medan vi satt og spiste mat byrja alle plutselig å le kjempehøgt, medan eg berre satt og skjønte absolutt ingenting. Det kan vere vanskeleg å vere nordmann i Frankrike, men stort sett går det greit.
Det første speidermøte.
Dette var noko eg hadde sett fram til ettersom eg har vore speider i mange år her i Noreg, så det var veldig spennande å sjå korleis dei gjorde det her nede. Likt som med søndagsskulen, er møtetidspunkta her noko annleis enn heime. Dei har møter ein gong i månaden, nokre gonger er det ei helg, frå lørdag til søndag, medan andre gonger er det berre på søndag frå klokka halv elleve til fem.

Bilete: Første møte med alle speidarane.
På det første møtet delte vi alle inn i grupper, på tvers av alder. Så gjekk vi litt rundt i byen for å gjere nokre morosame oppgåver, før vi alle endte opp i den store parken for å ha lunsj og aktiviteter. Speidergruppa her i kyrkja er ganske stor, så det er veldig kjekt å sjå at alle har det kjekt. Eg hadde på meg den norske speiderskjorta mi, noko som fekk litt ekstra merksemnd.

Bilete: Ulike aktivitetar i den store parken.
Her var også det største problemet utfordringa med språket, men det var kjekt å få vere med. Speider her i Lyon er nokså likt som i Noreg, men sjølvsagt er det ein del som er annleis også. Den første forskjellen eg la merke til her kontra der eg vaks opp, er at her er vi i ein stor by, så speidarane gjer meir storby ting enn vi gjorde på Frosta. Det andre er at dei er litt mindre høgtidelege. Mellom anna hadde vi opptaking av nye speidarar som gjekk frå aldersgruppa 8-12, til 12-16. Heim var dette ein litt høgtideleg sak, der speiderløfte blei sagt under flagget og med speiderhilsen til resten av gruppa. Her i Lyon stilte alle leiarane seg opp på ei linje, medan dei nye speidarane skulle prøve å kome seg igjennom og over til gruppa med eldre. Det var litt av ei oppleving, med mykje løping av fysisk aktivitet.
Ellers var det ein veldig fin dag, med kjekke ungar i ein nydeleg park. Eg gler meg til å fortsette arbeidet med denne gruppa.
Konsert og litt turist.
I forrige veke var det ein liten konsert i kyrkja her. Det var fleire organistar som spelte, eit lite kor og eit jazzband mellom anna. Det var ei flott oppleving med mange utruleg flinke musikarar.

Bilete: Inni Notre-Dame de Fourrière basilikaen.
I tillegg har eg og Maria hatt litt tid til å vere turist i byen. På torsdag reiste vi saman med ei jente frå franskkurset opp til den gamle delen av Lyon. Der besøkte vi ein katedral, ein stor hage, eit filmmuseum og koste oss med god mat.

Bilete: Turistar i Lyon. Meg, Maria og Luciana.
Det er ei lita oppdatering på korleis det går her i Lyon. Skal prøve å oppdatere meir utover året. Også er det alltid kjekt å få meldingar på facebook frå Noreg:-)
Au revoir !
Comments